Master Class Hardanger i Granvin

Sist laurdag hadde dei første meistarklasse-elevane ein flott konsert i Trudvang. Det var elevane til Knut Hamre som saman med han presenterte noko av det dei har lært i Master Class Hardanger sist haust. Takk for ei fin musikalsk oppleving!

Master Class Hardanger held til i Granvin Bygdatun. Her har hardingfeletalent frå heile Hordaland fått undervisning hjå læremeistar Knut Hamre, både enkeltundervisning og samspel. Elevane vart plukka ut etter søknad. Det var 18 søkjarar og 10 fekk plass i denne omgang. Målet med ein slik meistarklasse er enkelt sagt at flinke hardingfelespelarar skal bli enno flinkare. Det er svært gledeleg at slik undervisning på hardingfele kan gå føre seg i Granvin. I hovudsak er det Knut Hamre som skal ha æra for det. Historisk sett er det for så vidt heilt naturleg at dette skjer her, då det opp gjennom tidene var Granvin som var «spelarhola» og møteplassen for spelemenn.

Komande haust er det planlagt ny meistarklasse, og fleire talent vil få høve til å betra dugleiken sin på hardingfela. Heradet gjer nokre tiltak i bygdatunet no for å leggja betre til rette for vidare undervisning. Master Class Hardanger er eit svært viktig tiltak for å bera hardingfeletradisjonane vidare.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kommunestruktur

No er det nok ingen tvil lenger. Endringar i kommunestrukturen vil koma. Det har den nye regjeringa sagt, og det er det fleirtal for på Stortinget. Signala frå Regjeringa er at dei nye kommunegrensene ikkje skal gjerast framlegg om frå sentralt hald. Samtidig er dei klåre på at endringar må skje, og at kommunane sjølve må drøfta korleis ein skal få kommunar som er større og meir robuste enn i dag. Målet er at kommunane skal kunna ta på seg fleire oppgåver, altså at det skal verta meir lokal styring.

Dei siste månadane har det dukka opp framlegg til nye grenser frå fleire hald. Mange har uttala seg, og det er som venta ulike meiningar. Bør det vera ein hardangerkommune eller to eller tre? Eller skal Hardanger delast opp og venda seg mot andre utanfor Hardanger? Det å halda fram som idag, er truleg ikkje ein aktuell tanke lenger, så me må nok gjera det beste ut av det…..

Kva vil vera best for Granvin? Ei drøfting med dei andre hardangerkommunane er igang i Hardangerrådet. Hardangerrådet har eksistert som eit samarbeidsorgan for desse kommunane i snart 20 år, og det er naturleg at ei drøfting startar der. Før det eventuelt vert reelle forhandlingar må heradsstyret ha ein grundig debatt om kva ein trur vil vera best for Granvin på sikt, slik at ordføraren har eit mandat. Den drøftinga må omfatta fleire sider av saka, både ulike alternativ med Hardangerkommunane, og Voss som mogeleg alternativ. Og    –    vil me vera del av ein stor, eller ein mindre kommune, og korleis best sikra tenestene til innbyggjarane.

I framtidige drøftingar meiner eg det er viktig å hindra at tenestene vert sentralisert i for stor grad. Nokon tenester som til dømes skule, pleie- og omsorg, lækjartenester, barnehage er viktig å «ha att» i dei ulike bygdene. Så er det andre oppgåver kommunen har der det kan vera viktig å samla fagmiljøa i større einingar. Dette vert aktuelle problemstillingar å drøfta framover.

Posta under Uncategorized | Éin kommentar

Granvin best i fylket

Granvin herad har fått den beste rangeringa på kommunebarometeret av alle kommunane i fylket. Dette er veldig kjekt, og det gler me oss over! Kommunebarometeret er ei samanlikning av alle kommunane i landet, og det er viktige kommunale tenester som er grunnlaget. Sjølv om me frå før veit at me har gode kommunale tenester i Granvin, så er det kjekt å sjå at samanlikna med andre, ligg me svært langt framme. Ei takk til alle tilsette som er med og produserer gode tenester ut av små ressursar!

For oss som er politikarar er det sjølvsagt hyggjeleg med slike «0ppturar», men me har meir enn nok å «ta tak i» i tida framover. I desember skal heradsstyret vedta budsjett for 2014, og det vert ei stor utfordring å få til eit budsjett i balanse. Arbeidet med det er godt igang. I tillegg har me fleire tiltak som vil krevja investeringar i tida som kjem, slike som nytt skuletak, flaumsikring av elva frå Hyrpo til fjorden, utbetring av vegen til Skår, tilrettelegging av bustadfelt (er godt igang), vassverk i Folkedal, er berre nokre av tiltaka. Dette vil verta vanskelege prioriteringar for heradsstyrerepresentantane. I neste møte skal heradsstyret drøfta om deler av heradet sitt kraftfond skal brukast til slike investeringar slik at det kan gjennomførast tiltak som er viktige for Granvin utan å ta opp nye lån.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Dugnadsarbeid i Granvin

Opp gjennom tidene har dugnadsarbeid i Granvin resultert i tiltak som skaper trivsel og glede for innbyggjarane. I det siste er det kome til fleire slike tiltak. I kjellaren i Granvinbygg er det etablert treningsstudio som vert mykje brukt av bygdafolket. Ungdomshuset Trudvang har fått ny utvendig måling og framstår såleis berre endå meir stasleg enn før. På Eide er det bygd «friluftssti» (bryggje) frå kaien og utover langs fjorden, noko som gjev ålmenta betre tilgang til sjøen. Det er bygd tre grindverksbygg i sentrum, to av dei i bygdatunet og eitt ved badestranda. Leikeplassen på Røynstrand som har sett trist ut i lang tid, er nyopprusta og stelt, og innbyr på nytt til leik. Bortimot alt arbeidet med desse tiltaka er gjort på dugnad!

Gravensarane legg ned svært mykje arbeid i idrettslag, ungdomslag, skyttarlag og i andre lag og organisasjonar i bygda. Det er ikkje mogeleg å nemna alle, men eg ynskjer å gje ros til det frivillige arbeidet som vert gjort i og utanfor lag og organisasjonar i Granvin. Det gjeld både det arbeidet som viser tydeleg att, og det som ikkje er så synleg, men som er knytt til meir jamnt arbeid i eit lag og som er heilt naudsynt for å halda laget og aktivitetar i gang. Dugnadsarbeidet og det frivillige arbeidet totalt sett er av svært stor verdi for bygda for å skapa trivsel og samhald, og for at Granvin skal vera ein god stad for innbyggjarane og ein fin stad å koma på vitjing. Ein stor del av dette arbeidet kjem born og unge tilgode, noko som kan gje dei fine opplevingar og gode minne frå oppveksten, og som seinare kan bidra til at Granvin vil vera ein aktuell stad å busetja seg.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

info2

Arbeidet med bussterminal er igang ved yrkesskulen. Den skal vera klar til bruk når Hardangerbrua opnar. Heradet har fått massar Statens Vegvesen(SVv) ikkje har bruk for i anleggsområdet, og har nytta desse til å fylla ut i området mellom idrettsbana, elva og skulen. Det vil likevel ta tid før området er klart til bruk, då det også skal utførast flaumsikring av elva. Plan for dette er det NVE som har ansvaret for, men Granvin herad har «stått i kø» lenge hjå NVE, så planen er truleg ikkje så langt vekke. Når det no er fylt ut her vil det i alle høve vera lettare å tenkja litt meir konkret på kva som kan vera aktuelt å nytta området til. Idrettslaget har teke det opp med med heradet no i vår, og ei arbeidsgruppe skal sjå på dette og få fram dei ulike interessene.

Jobergtunnelen. Det er no sett av midlar til Jobergtunnelen i Nasjonal Transportplan. Sidan den no planlagde tunnelen har betydeleg høgare kostnad enn den som var planlagd frå starten, måtte det ein ny bompengesøknad til. Hovudinnhaldet i den er at innkrevingsperioden kan bli utvida, men sjansen for det er ikkje så stor slik økonomien i bompengeprosjektet ser ut idag. Søknaden vart som kjent vedteken i heradsstyret no i juni. Den skal også handsamast i Fylkestinget og i Stortinget, og ein reknar med at det skjer i inneverande år. Då kan me kanskje håpa på anleggstart i 2014…..?

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Status for arbeidet med stasjonsområdet

Stasjonsområdet. Heradet har fått utarbeidd ein skisseplan for korleis stasjonsområdet kan utformast med bustader, infrastruktur og park-/rekreasjonsområde. Skissa har framlegg til byggjemønster og føresegner for korleis bustadene kan utformast, og inneheld enkeltbustader og rekkjehus. Den omfattar også området ovanfor kaien der det og er framlegg om bustader. Det er eit mål at utbygginga skal ha ein miljøprofil og best mogeleg  passa inn i eksisterande miljø. Området må flaumsikrast, og det er krav om at sjølve sikringsvollen langs elva skal vera 6 m meter brei. Det betyr at det vert eit nokså stort «friområde» langsmed elva, som ein tenkjer seg å nytta som parkområde, som ein «elvepark».

Heradet ventar på ein fullstendig plan for flaumsikring frå NVE som omfattar området frå Hyrpo og ned til fjorden. Flaumsikring er avgjerande for framdrifta i arbeidet med stasjonsområdet, og NVE har no laga ein førebels plan over kva som trengst av sikring for å koma vidare med arbeidet der. Det betyr at det no er klart for å gjera sikringsarbeid langs elva ved bygdatunet og langs sjølve stasjonsområdet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Endra kommunestruktur?

Mange har sikkert registrert at endring av kommunestruktur stadig oftare er eit tema blant stortingspolitikarar. Temaet har hatt særleg fokus i vinter i samband med at dei politiske partia utformar stortingsvalprogram framfor valet til hausten. Mange sentrale politikarar gjev uttrykk for at dei meiner det er for mange og for små kommunar i landet. Om ein skal tolka signala som kjem vil det i tida framover bli eit sterkare press på kommunane om å slå seg saman til større einingar. Dette gjer at eg får litt tankar i høve til vår kommune.

I hovudsak tenkjer eg det er positivt å bu i ein liten kommune. Folk kjenner kvarandre og dei kjenner politikarane i større grad enn i store kommunar. Det er «kort veg» til kommunale tenester og lite køar og ventetid til det meste. Det er oversiktleg og trygt å bu slik, og eg ynskjer i utgangspunktet ikkje noka endring for Granvin.

Signala som kjem frå sentralt hald, gjer at eg likevel «vaklar» noko i trua på at det vil vera mogeleg å halda fram med å vera liten. Kva kan me venta oss ut frå dei utsegner og signal som stadig kjem? Får me noko tredd ned over hovudet? Også i rolla som ordførar ser eg at det i framtida  kan verta utfordrande å greia seg som liten. Kommunane har etterkvart fått fleire og fleire krevjande oppgåver på ulike felt. Desse skal utførast uansett om ein er stor eller liten. I ein kommune som Granvin, som i tillegg har svært trong økonomi, er det få personar å fordela oppgåvene på. Dette gjer oss sårbare. I ein tenkt situasjon der ein tilsett måtte vera borte frå arbeidet for ein periode, ville det straks skapa utfordringar i høve til å ivareta viktige oppgåver. Eg trur ikkje at livet vil verta mykje enklare om ein skulle bli del av ein større kommune, men i krevjande situasjonar ville ein truleg vera meir robust og stå noko sterkare.

Eg trur det vil vera ein føremon å ha tenkt gjennom kva som vil vera det beste for Granvin herad, om det skulle koma krav om endring av kommunegrensene. Kanskje må me som lokalpolitikarar ta nokre vanskelege vurderingar rundt desse spørsmåla dei næraste åra.

Posta under Uncategorized | Éin kommentar