Om budsjettet for 2016

Rådmannen har saman med einingsleiarane hatt eit krevjande budsjettarbeid denne hausten. Rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2016 er no presentert for formannskapet.

Også dette året har det vore naudsynt å skjera ned på fleire av einingane. Nokon av årsakene er:   auka utgifter til interkommunal legevakt, nytt nødnett, auka utgifter til kjøp av IKT-tenester, auke i sosialbudsjettet, auka utgifter til brøyting, og halv husleigeinntekt i yrkesskulebygget då skulen vert flytta til Voss frå hausten.

Dette har ført til at pleie og omsorg i 2016 vil verta redusert med 1,3 stilling, og skulen får ein reduksjon på 450 000 som gjer at to klassar til vert slått saman.  I administrasjonen er rådmannen si stilling redusert med 20 %.

På den positive sida er det lagt inn 20 % stilling til psykisk helse for ungdom og 10% stilling til barnevernet (Hardanger barnevern).

Dei reduksjonane som er nemnt ovanfor har ikkje vore nok til å få budsjettet i balanse. Difor har rådmannen i tillegg føreslått auka eigedomsskatt. Det budsjettet som er lagt fram inkluderer altså ovannemnde reduksjonar pluss auke i eigedomsskatten.

AUKA EIGEDOMSSKATT ELLER DÅRLEGARE TENESTER?   Dersom eigedomsskatten ikkje skal aukast, må det skjerast meir i dei kommunale tenestene.  Rådmannen har bede einingsleiarane visa kva konsekvensar det kan gje. For alle einingane vil det bety reduksjon i tal tilsette, og her er nokre døme på konsekvensar:  – Meir samanslåing av klassar, fjerning av delingstimar i dei samanslåtte klassane. – Auke i tal born pr vaksen i barnehagen, evt redusert opningstid. – Redusert tal sjukeheimsplassar som tidvis vil gjera det naudsynt å kjøpa plassar i nabokommunar. – Redusert vaktmeisterteneste vil skapa vanskar for skule, barnehage, helse og sosial som får ei dårlegare teneste, og vedlikehaldsarbeid må nedprioriterast. – Redusert opningstid på heradshuset. Du kan finna meir detaljar om budsjettet på heimesida under fana Politikk  –  Møteplan i innsyn.

Desse nedskjeringane vil føra til dårlegare kvalitet på tenestene og utan tvil meir sårbare tenester ved sjukdom, feriar o.l. Politikarane står difor framfor ei vanskeleg prioritering. Ingen ynskjer å auka eigedomsskatten, og ingen ynskjer at viktige tenester skal verta dårlegare.

 

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Busetjing av flyktningar i Granvin?

Flyktningsituasjonen i fleire sør-europeiske land er for tida prekær, og det ligg eit stort ansvar også på Noreg for å hjelpa. Frå før ventar eit stort tal flyktningar i norske mottak på å få ein kommune og busetja seg i, så samla vil Noreg skulla busetja rundt 13 000 personar dei næraste åra. I denne situasjonen er det naturleg at også me i dei små kommunane vurderer om me kan bidra i denne dugnaden. Heradsstyret i Granvin har vedteke å sjå på kva som skal til for at heradet skal kunna ta i mot flyktningar.

Det er mange utfordringar knytt til ei slik oppgåve for ein liten kommune. Heradet må ha nok kapasitet innafor dei ulike tenesteområda, og det må finnast husvere. Ein veit som oftast lite på førehand om kva trong den enkelte har for hjelp, og kva konsekvensar opplevingane dei har vore igjennom har ført til. Det vil også vera trong for å ha ein person som legg til rette for integrering: for norskopplæring, aktivitetar for tilpassing til arbeidslivet og for at dei skal kunna finna seg til rette i lokalmiljøet.

Ved busetjing mottek kommunane statleg tilskot til flyktningarbeidet. Slik det ser ut dekkjer ikkje tilskotet alle utgiftene kommunen får med busetjinga. Korleis det eventuelt skal løysast er eit av spørsmåla ein må finna ut av. Fram til for ca ti år sidan hadde Granvin stilling som flyktningkonsulent saman med Ulvik. Denne måtte avviklast då departementet bestemte at små kommunar ikkje fekk busetja flyktningar lenger. Det er økonomisk krevjande å byggja oppatt ei slik teneste, og det vert arbeidd med på nytt å få til eit samarbeid med Ulvik i dette arbeidet.

For Granvin er det ei stor oppgåve å ta i mot flyktningar. Ei utgreiing av dei viktigaste utfordringane vil truleg gje heradsstyret grunnlag for å ta ei endeleg avgjerd i haust.

 

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

«Kulturbanken»

Granvin folkebibliotek er i ferd med å bli flytta til det tidlegare bankbygget. Planen er å kunna nytta lokala til fleire aktivitetar, og arbeidet er i gang med å leggja til rette for det.

Uavhengig av flyttinga er Granvin folkebibliotek eitt av tre bibliotek i Hordaland som er peika ut til Modellbibliotek 2015. Det betyr at det vert satsa på å utvikla det til eit meir moderne bibliotek, og med mulegheit for ein breiare aktivitet enn i dag. Det skal vera eit såkalla meirope bibliotek som inneber at ein kan låna bøker også når bibliotekaren ikkje er til stades. Hordaland folkebibliotek yter økonomisk stønad til innreiing av lokala, og dei meiner at det tidlegare bankbygget ligg godt til rette for ei fornying av bibliotektenesta i Granvin.

Bygget, som er kalla Kulturbanken, ligg nær bygdatunet, og ein ynskjer at den også kan tena som base for aktivitetane der    –     for omvisninga om sommaren, Masterclass Hardanger og andre aktivitetar i bygdatunet. I samarbeid med til dømes spelemannslaget, kulturskulen, Hardingfelesenteret håpar me at lokala også kan brukast til mindre konsertar, øvingssamlingar eller andre mindre arrangement. Og ein ser for seg at helsestasjonen kan ha småbarnstreffa sine her. I kontoret der lokalavisa har halde til, skal det leggjast til rette for eit møterom som lag og organisasjonar kan nytta.

Eit lenge etterspurt tiltak i Granvin er ein kafe. Det hadde vore kjekt å få det til her. Så kanskje det er nokon som kan tenkja seg å driva ein liten kafe i ein «krok» i desse lokala…. Det ville vore eit svært kjærkome tiltak i bygda.

Heradet har søkt Hordaland fylkeskommune om midlar  for å tilretteleggja for den aktiviteten ein ynskjer å fylla bygget med. Det var i samband med søknaden at namnet Kulturbanken kom opp, då ein måtte ha eit namn på prosjektet. Personleg synest eg det er eit høveleg namn.

Eg håpar og trur at Kulturbanken skal bli til glede og nytte for innbyggjarane i Granvin.

 

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Bustadfelt i Granvin

Endeleg er reguleringsplanane for bustadfelt klare! Dette har vore eit mål for sitjande heradsstyre frå dag ein. Bustadtomter er sett på som eit svært viktig tiltak for å snu folktalsutviklinga. Det har vore gjort eit solid og målretta arbeid frå administrasjonen for å få planane på plass, og formannskap og heradsstyre har vore tett på, og gjerne teke ekstramøte for ikkje å seinka prosessen.

Planen for Skielva bustadfelt vart vedteken i heradsstyremøtet no i februar, og feltet  på Eide (stasjonsområdet) er også ferdig handsama politisk. Heradet startar sal av bustadtomter i Skielva bustadfelt innan kort tid, og når snøen er borte skal det tilretteleggjast for veg, vatn og kloakk. Deretter vil det vera klart for bygging.

På Eide startar NVE elvesikringsarbeidet i første halvdel av mars, slik at tomtesal her vil mellom anna vera styrt av dette arbeidet. I tillegg må det tilretteleggjast for vatn og kloakk, og me håpar det skal vera klart for å selja tomter i løpet av året.

I det vidare vert det viktig at heradet har planar for bustadtomter i eit lenger perspektiv, så ein ikkje steller seg slik at heradet ikkje har tomter å tilby i framtida. Her er   kommuneplanen, som no er under revidering, ein viktig reiskap for å finna område der det kan tilretteleggjast for tomter på lenger sikt.  Det er mange omsyn å ta ved slik planlegging, til dømes å ikkje byggja ned dyrka jord, og unngå skredutsette område. Arbeidet for å leggja til rette for bustadbygging er svært viktig for den vidare utviklinga i Granvin.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Prosjekt Trebygda Granvin

Ein stor del av utviklingsarbeidet som er gjort i heradet i 2014 er knytt til prosjektet Trebygda Granvin. Tanken bak prosjektet er å fremja dei tradisjonar Granvin har innan tre og  trebruk, og den kompetansen som finst på tradisjonell byggeskikk. I tillegg har bygda sagbruksverksemd bygt på tradisjonar som strekkjer seg langt attende i tid. Alt dette er grunnlaget for arbeidsplassane me finn på dette området i Granvin i dag med Moelven Granvin Bruk, Vestskog SA og andre innan dette feltet.

Med Prosjekt Trebygda har målet til heradet vore å byggja vidare på desse tradisjonane, på kunnskapen og ressursane, og leggja tilrette for bruk av tre av lokale treprodukt i samband med utbygging, flaumsikring, energiforsyning og tilrettelegging av uteareal. Dette er nokon av tiltaka i prosjektet:

– Bygging av eit leilegheitsbygg med 6 husvære, der ein ynskjer å kombinera tradisjonelt handverk/byggjeskikk med moderne byggjeteknikk. Bustadarbeidet generelt  er ein viktig del av prosjektet og omfattar bustadfelta Skielva og stasjonsområdet på Eide.

– Etablera bioenergianlegg ved hjelp av fjernvarme av lokale ressursar frå Moelven Granvin Bruk som skal forsyna bygg i sentrum med energi. To offentlege bygg er alt tilrettelagde for dette.

– Auka kompetansen i bygda på tradisjonell byggeskikk og restaurering av bygningar. I regi av heradet har det vore arrangert kurs i restaurering for lokale handverkarar ved å flytta eit kvernhus frå Brekke til bygdatunet. Dette i samarbeid med Vestnorsk Kulturakademi.

– På området mellom elva og framtidige bustader på stasjonsområdet på Eide, frå fjorden og oppover langs elva, skal det etablerast ein «elvepark» som i tillegg til å vera flaumvoll skal vera grøntområde, leikeareal, gang- og sykkelsti. Planen er å laga eit triveleg uteområde for innbyggjarar og tilreisande som skal ha preg av «trebygda».

 

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kommunestruktur – tankar så langt…

I møtet i juni drøfta Granvin heradsstyre framtidig kommunestruktur. Det var ei god drøfting der representantane kom med sine tankar rundt spørsmålet om kva retning ein på dette tidspunktet ynskjer å gå. Det vart ikkje gjort noko formelt vedtak i saka. Det var lagt fram ei saksutgreiing til møtet utan framlegg til vedtak. Ordførar sitt mål med drøftinga var å høyra kva haldningar heradsstyret i Granvin har i dette spørsmålet pr idag, og få signal for det vidare kommunestrukturarbeidet. I løpet av prosessen som har vore har ordførarane i Eidfjord, Granvin, Ullensvang og Ulvik funne at desse fire kanskje kan vera eit mogeleg alternativ. Det var svært viktig å få heradsstyret sitt syn på dette.

Etter møtet har det vore fleire lesarinnlegg i lokalavisa. Det er bra. Det er viktig at innbyggjarane engasjerer seg i dette spørsmålet som er ei svært stor og viktig sak i tida. Lesarinnlegga til no har peika på at Granvin må sjå mot Voss. Eg har det siste året fått eit stort tal meiningsytringar frå innbyggjarane i Granvin, og det store fleirtalet gjev uttrykk for at Granvin bør snakka med nabokommunar i Hardanger. Så det lovar godt for gode diskusjonar framover.

Eg tillet meg å kommentera nokon påstandar/merknader i dei nemnde lesarinnlegga. Når det er snakk om kva ende ein byrjar i i denne saka, så meiner eg at etter meir enn 20 års samarbeid i Hardanger er det høgst naturleg å starta drøftingane om endring av kommunegrenser der. Og for litt over eit år sidan vart temaet teke opp i Hardangerrådet.    Eg gjer merksam på at kommunesenter på Bu ikkje har vore nemnt i samtalane mellom desse fire kommunane. Me held oss til det som kan vera rimeleg realistisk å få til. Heradsstyret er skulda for å leggja kjenslene til grunn for meiningane sine i spørsmålet om kven ein ynskjer å drøfta eventuell kommunesamanslåing med. Eg trur at det til ein viss grad vil vera kjensler knytt til dette spørsmålet uansett kva retning ein meiner heradet skal gå i. Men mi oppfatning er at heradsstyret har realistiske og kloke grunnar for å meina som dei gjer. Det er som kjent ikkje alt som kjem fram i avisa.

I ei drøfting om kommunesamanslåing er det tenestene til innbyggjarane som må vera i fokus. Eit svært viktig mål er å sikra at basale tenester(som skule, barnehage, lækjarkontor, omsorgstenester o.l.) vert verande nær innbyggjarane. Ein må finna ei organisering av desse tenestene som gjev minst mogeleg sentralisering. Eg trur kanskje dette vil vera lettare å få til med jamstore kommunar, fordi det i stor grad vil vera i alle dei involverte kommunane si interesse å ha tenestene mest mogeleg desentralisert for sine innbyggjarar. For andre område heradet har ansvar for, til dømes plankontor, kan det vera aktuelt å samla fagmiljøet frå  kommunane til eitt kontor i ei av bygdene, og kanskje eit anna fagmiljø i ei av dei andre bygdene. Kontordagar/avtalar ute i dei ulike bygdelaga vil vera aktuelt. Det vert viktig å ikkje vera for tradisjonell i tankegangen, men prøva å finna kreative løysingar for organisering av tenestene, og eg er open for gode idear.

Når det gjeld heradshus/kommunesenter så oppmodar eg kvar enkelt til å tenkja gjennom kor ofte ein har bruk for å gå på heradshuset. Kanskje det ikkje er så viktig lenger kvar heradshuset ligg? Det viktige er å ha dei basale tenestene  i nærleiken, og det er det som etter mi meining vert det aller viktigaste å arbeida for framover.

Til hausten legg me opp til folkemøte om temaet. Då håpar eg folk møter fram og seier si meining.

 

 

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Bustadarbeidet i Granvin

Det er eit svært viktig mål for Granvin heradsstyre i valperioden å prøva å snu ei negativ folketalsutvikling. Ser ein på SSB sin statistikk har folketalet i Granvin sakte men sikkert gått nedover dei siste 15-20 åra. Det manglar ikkje på folk som ynskjer å busetja seg her, men utfordringa har vore ledige husvere og byggjeklare tomter. Bustadarbeidet har heilt frå starten vore ei svært viktig arbeidsoppgåve for det sitjande heradsstyret.

Det å leggja til rette for byggjeklare tomter er eit tidkrevjande arbeid. Formelle prosedyrar i samband med utarbeiding av planar må følgjast og vedtak skal gjerast. Dei siste par åra har det vore arbeidd samanhengjande med å få på plass byggjeklare tomter. I dette arbeidet må ein også ha eit lenger perspektiv slik at heradet kan ha tomter å tilby i mange år framover. Tilrettelegging av tomter krev store investeringar, men det er avgjerande for ei god utvikling i Granvin å prioritera dette. Heradet har og vore aktiv i å nytta seg av statlege ordningar som legg betre til rette for kjøp eller leige av husvere.

Tomtefelta heradet arbeider med er området ved Skielva og stasjonsområdet på Eide. Ved Skielva er no skog rydda og fylling med tunellmassar frå Haukanesberget er kome igang. Det er starta elvesikringsarbeid frå ovanfor Røynstrand og nedover langs Skielva. Ein flaumvoll skal sikra eksisterande og nye bustader mot flaum. Detaljreguleringsplanen for Eide er snart klar for godkjenning. Den skal i heradsstyret om kort tid. Om alt går som planlagt kan heradet kanskje ha byggjeklare tomter i løpet av året.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Master Class Hardanger i Granvin

Sist laurdag hadde dei første meistarklasse-elevane ein flott konsert i Trudvang. Det var elevane til Knut Hamre som saman med han presenterte noko av det dei har lært i Master Class Hardanger sist haust. Takk for ei fin musikalsk oppleving!

Master Class Hardanger held til i Granvin Bygdatun. Her har hardingfeletalent frå heile Hordaland fått undervisning hjå læremeistar Knut Hamre, både enkeltundervisning og samspel. Elevane vart plukka ut etter søknad. Det var 18 søkjarar og 10 fekk plass i denne omgang. Målet med ein slik meistarklasse er enkelt sagt at flinke hardingfelespelarar skal bli enno flinkare. Det er svært gledeleg at slik undervisning på hardingfele kan gå føre seg i Granvin. I hovudsak er det Knut Hamre som skal ha æra for det. Historisk sett er det for så vidt heilt naturleg at dette skjer her, då det opp gjennom tidene var Granvin som var «spelarhola» og møteplassen for spelemenn.

Komande haust er det planlagt ny meistarklasse, og fleire talent vil få høve til å betra dugleiken sin på hardingfela. Heradet gjer nokre tiltak i bygdatunet no for å leggja betre til rette for vidare undervisning. Master Class Hardanger er eit svært viktig tiltak for å bera hardingfeletradisjonane vidare.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kommunestruktur

No er det nok ingen tvil lenger. Endringar i kommunestrukturen vil koma. Det har den nye regjeringa sagt, og det er det fleirtal for på Stortinget. Signala frå Regjeringa er at dei nye kommunegrensene ikkje skal gjerast framlegg om frå sentralt hald. Samtidig er dei klåre på at endringar må skje, og at kommunane sjølve må drøfta korleis ein skal få kommunar som er større og meir robuste enn i dag. Målet er at kommunane skal kunna ta på seg fleire oppgåver, altså at det skal verta meir lokal styring.

Dei siste månadane har det dukka opp framlegg til nye grenser frå fleire hald. Mange har uttala seg, og det er som venta ulike meiningar. Bør det vera ein hardangerkommune eller to eller tre? Eller skal Hardanger delast opp og venda seg mot andre utanfor Hardanger? Det å halda fram som idag, er truleg ikkje ein aktuell tanke lenger, så me må nok gjera det beste ut av det…..

Kva vil vera best for Granvin? Ei drøfting med dei andre hardangerkommunane er igang i Hardangerrådet. Hardangerrådet har eksistert som eit samarbeidsorgan for desse kommunane i snart 20 år, og det er naturleg at ei drøfting startar der. Før det eventuelt vert reelle forhandlingar må heradsstyret ha ein grundig debatt om kva ein trur vil vera best for Granvin på sikt, slik at ordføraren har eit mandat. Den drøftinga må omfatta fleire sider av saka, både ulike alternativ med Hardangerkommunane, og Voss som mogeleg alternativ. Og    –    vil me vera del av ein stor, eller ein mindre kommune, og korleis best sikra tenestene til innbyggjarane.

I framtidige drøftingar meiner eg det er viktig å hindra at tenestene vert sentralisert i for stor grad. Nokon tenester som til dømes skule, pleie- og omsorg, lækjartenester, barnehage er viktig å «ha att» i dei ulike bygdene. Så er det andre oppgåver kommunen har der det kan vera viktig å samla fagmiljøa i større einingar. Dette vert aktuelle problemstillingar å drøfta framover.

Posta under Uncategorized | Éin kommentar

Granvin best i fylket

Granvin herad har fått den beste rangeringa på kommunebarometeret av alle kommunane i fylket. Dette er veldig kjekt, og det gler me oss over! Kommunebarometeret er ei samanlikning av alle kommunane i landet, og det er viktige kommunale tenester som er grunnlaget. Sjølv om me frå før veit at me har gode kommunale tenester i Granvin, så er det kjekt å sjå at samanlikna med andre, ligg me svært langt framme. Ei takk til alle tilsette som er med og produserer gode tenester ut av små ressursar!

For oss som er politikarar er det sjølvsagt hyggjeleg med slike «0ppturar», men me har meir enn nok å «ta tak i» i tida framover. I desember skal heradsstyret vedta budsjett for 2014, og det vert ei stor utfordring å få til eit budsjett i balanse. Arbeidet med det er godt igang. I tillegg har me fleire tiltak som vil krevja investeringar i tida som kjem, slike som nytt skuletak, flaumsikring av elva frå Hyrpo til fjorden, utbetring av vegen til Skår, tilrettelegging av bustadfelt (er godt igang), vassverk i Folkedal, er berre nokre av tiltaka. Dette vil verta vanskelege prioriteringar for heradsstyrerepresentantane. I neste møte skal heradsstyret drøfta om deler av heradet sitt kraftfond skal brukast til slike investeringar slik at det kan gjennomførast tiltak som er viktige for Granvin utan å ta opp nye lån.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget